Vi søker sommerteam på Fjordly!
Acta – barn og unge i Normisjon er ein barne- og ungdomsorganisasjon som samarbeider tett med Den norske kyrkja. Medlemmene våre er organisert i lokale fellesskap og mange reiser på leir og arrangement i regi av Acta.
Visjonen for arbeidet vårt er: Grensesprengjande fellesskap der
born og unge møter, følgjer og ærar Jesus Kristus!
Også denne sommaren planleggjar Acta leirar, og vi ønsker å tilsette eit Sommarteam.
Arbeidsoppgåvene er å planlegge og gjennomføre leirar på Fjordly Ungdomssenter. Det kan vere å ha kjekke aktivitetar, holde andakter og på andre måtar bidra leirar med trivsel og tryggleik.
Vi søker deg som er over 16 år, har vore på leir før og som ønsker å være med på å skape ein leirsommar der barn og unge for bli betre kjent med Jesus og bygge vennskap som varer.
Leirsesongen er 13.juni til og med 29.juni, og det vert anledning for å planlegge og gjennomføre leir også 9.-13. august. Det ventast at teammedlemmene kan vere med på leirane i juni.
Sommerteamet er, saman med Actamedarbeiderne ansvarleg for leirane og kontakta med leirstad. Styreleiar i Acta SOF er næraste overordna. Honorar avtalast etter alder og mengde ansvar. Sommarteamet er forplikta på Normisjon sitt verdidokument og ein må kunne vise politiattest av nyare dato (dette hjelper vi til med).
Skriv ein søknad og fortel oss kvifor du vil vere med! Søknaden sender du til styreleiar i Acta Sogn og Fjordane Pål Andreas Berntsen (styreleiar.actasof@normisjon.no). Ikkje nøl med å ta kontakt for spørsmål, på mail eller på tlf 92850978.
Legg ved cv, kopi av vitnemål og referansar, og evt. attestar.
Søknadsfrist: måndag 14.april. Melding om evt tilsetjing følgjer vi opp kontinuerlig etter dette.
Utlyst av: Acta Sogn og Fjordane, Nordstrandvegen 12, 6823 SANDANE