Årsmøte for Acta og Normisjon 29.mars på Nordfjord Folkehøgskule

Regionårsmøte på Nordfjord Folkehøgskule, Vereide 29.3.2025, kl 11-16. (Registrering frå kl 10.15)

Påmelding: Påmeldingsskjema (Påmeldingsfrist 26.3)

Årsmøtepapirer: Rekneskap og årsmelding

Med oss får vi Dag William Haugeto Stang som er innsamlingsleiar i Normisjon i Norge. Det vert lokale song- og musikk-krefter som bidreg.
Vi håpar dette vert ein dag til inspirasjon og oppmuntring.
Årsmøtepapira er lagde ut på heimesida.

Vi gjer merksam på at årsmeldingar og rekneskap ikkje vert opplesne i si heilheit på årsmøtet. Vi bed alle utsendingar om å lese desse på førehand og førebu eventuelle spørsmål/kommentarar. Ved oppmøte må ein gjere greie for kva foreining ein representerer.

Vi ber om at foreiningsleiarar og kontaktpersonar spreiar invitasjonen til sine medlemmer og aktuelle undergrupper i området dykkar.

Der vert høve til å bestille middag for 330 kr for vaksen. Har du spørsmål til påmelding? Send epost til:
styreleiar.sof@normisjon.no eller ring han på 932 37 310.
Vel møtt til alle!

Plan for årsmøte:
•10.15: Registrering og kaffi/frukt
•11.00: Opningsmøte for liten og stor
Andakt, lovsong og barnesongar
Innlegg frå innsamlingsleder
Dag William Haugeto Stang
•12.00 Samtale om arbeidet
•12:45: Middag og dessert/kake
•13.45-15.45: Barneopplegg under årsmøtet
•13.45: Actas årsmøte
Pause med kaffe og frukt
•14:30: Normisjons årsmøte
Heimreise seinast 16.00

Med helsing, for regionstyret
Jørn Naustdal Ilje, regionstyreleiar