Meir enn ein song -smågruppeopplegg
om tilbeding og lovsong
Songane vi syng når vi samlast som kristne er ikkje berre møtefyll, god performance og feelgood. Det er definitivt heller ikkje eit forsøk på å gjenskape kristenhitsa frå joggelistene våre på Spotify. Det er så veldig mykje meir enn det – mykje djupare, mykje meir omfattande. I songane er det nemlig trua sjølv som både gjev og får språk og innhald. Gjennom melodiar og rytme og poesi får tekstane i songane ei eiga kraft: Til å fortelle oss om kven Jesus er og kva han har gjort for oss (gje oss evangeliet), men også til å til å ta opp i seg våre djupt menneskelege erfaringar og behov. I songane kan kvar enkelt få legge si livshistorie; sine sorger og gleder, si takksemd og sin klage. Vi får uttrykt våre håp, våre lengslar. Vi får klage, tilbe og lovprise.
Dei gode songane hjelp oss å løfte blikket på Jesus, utan at vi må sjå vekk i frå vår eiga livshistorie. Dette er ei grunnleggande kristen erfaring av at Jesus si historie kan romme vår historier, så forskjellige som dei er. Då styrkast trua gjennom songen og musikken. Det vert meir enn ein song! Det blir tru. Det blir liv. Det blir etterfølging. Det vert tilbeding. Til alle tider har kristne sunge saman, for gjennom songane vi syng vert den enkelte si tru vevd saman med alle dei andre si tru. Fellesskapet styrkast når vår tru får eit felles uttrykk, og gjennom songane får vi oppmuntra kvarandre til å stå faste i trua på ein fantastisk Jesus.
I denne serien vil vi ta fram 5 songar som vi har sunge ein del på Møtepunkt B. Vi vil sjå på teksten og på kva vi eigentleg syng. Nokre av songane har ei interessant bakhistorie, og nokre av songane har snudd opp ned på både liv og heile samfunn. Håpet vårt er at vi gjennom denne serien skal hjelpe kvarandre til å vere ennå meir til stades i songane vi syng. For slik kan dei bli meir enn ein song.
Her finn du alle fem arka i PDF-format til utskrift
1: Hyll deg, frelser og forsoner
Rom 5, 6-11
Teksten til denne songen er ein gamal Grundtvig-salme frå kring 1837. Grundtvig har lete seg inspirere av det latinske 1200-tals diktet Salve Mundi Salutare (verdas frelsar vi hyller) der kvar av dei 7 ledda tek utgangspunkt i ein kroppsdel til den torturerte Messias. Hyll/hill deg, frelser og forsoner er sterkt motivert av den første delen av dette diktet. Salmen har klare påskemotiv når han tek utgangspunkt i Jesu lidingshistorie. Salmen hyller og feirar Guds uendelige kjærleik til oss gjennom Jesu død på korset og undrar seg over kva dette betyr for oss, kor ufortent det er og kor utruleg det er at det er for meg. Teksten sitt «du» er Jesus og det er difor ein tekst der vi vender oss direkte til Jesus sjølv. Salmen hjelper oss å dvele med korleis kjernebodskapen i kristen tru gjeld meg. Jesu liding og død uttrykker både hans uendelege kjærleik, men også hans oppgjer med synd og død. Songen spør: Kva har dette å seie for meg, personleg?
2: Jesus, din søte forening å smake
Fil 1, 21-26
Denne salmen er kanskje best kjent som den Hans Nilsen Hauge song då han midt i andre verset fekk si store kallsoppleving. Resten er som kjent historie, men dette gjer jo at nettopp denne salmen kanskje er den som har forandre Norge mest. Den dukkar første gong opp i ei tysk frikyrkjeleg salmebok i 1712, og vart ein viktig del av den pietistiske vekkingsrørsla. Salmen vert omsett til dansk og kjem inn i Pontoppidan si salmebok i 1740 og Elias Blix gjev den eit norsk preg og utgjev den i Norge i 1869. Så kva handlar den om? Jo, salmen er uttrykk for ein lengsel etter å kjenne Jesus heilt og fullt. At alle delar av hjerte og sinn må få bli prega av intime kjennskapen til Jesus – slik at heile livet påverkast av trua. Trua er den nådige gåva som Anden gjev, og frelsa er noko som Jesus gjev. Og får eit menneske ikkje dette, er alt anna lite eller ingenting verdt. Det er og blir Jesus og Jesus åleine som vi berre MÅ få tak i i dette livet.
3: Oceans (where feet may fail)
Matt 14, 22-33
Denne songen vart skrive av australske Hillsong United og gjeve ut 23. august 2013. Den vann prisen for årets song 2014 i Gospel Music Association sin Dove Awards. Bibelteksten som heilt klart inspirerte songen er fortellinga om Jesus som ber Peter gå ut på vatnet saman med han. Peter gjer det, men misser trua for ei stund og tek til å synke. Han ropar på Jesus som rettar ut handa og berger han. Undertittelen på songen – «Where feet may fail», indikerer at livet, også truslivet, ikkje haldast oppe av oss sjølve, men av Jesus. Tema og motiv i songen er å våge steg i tru ut i det ukjende. Og å stole på Jesus, ha ein rå, uavgrensa tillit til han. Bridgen summerer opp hjartet i songen: om at Anden skal leie oss dit tilliten til Jesus er grenselaus – så vi kan gjere det Gud kallar oss til, og både vite og kjenne djupt i hjartet at han tek seg av oss.
4: Who You Say I Am
Rom 8,14-16
Kampen om kven du er – identiteten din – er ein stor kamp i vår tid. Denne kampen kjempast i eit samfunn som for det første hevdar at identitet er 100% sjølvhevding, for det andre likevel meinar veldig mange røyster ting om kva du bør og ikkje bør vere. Og for det tredje er samfunnet rimelig nådelaust i sine dommar over oss og kven vi er. Midt i dette er songen «Who You say I am» blitt til. Også denne er frå Hillsong Worship og vart sluppen 15. juni 2018. Den vann ein Dove Award for årets song 2019. Songen minner oss om at det vi djupast sett er – det høgste vi kan håpe på å bli, er å vere det Gud seier vi er: det er eit Guds barn. Der ligg stadfestinga vi treng, verdien vi har og fridomen vi lengtar etter. Av alle stemmene vi bombarderast med i løpet av ein dag, er det Guds stemme som kan seie oss kven vi er.
5: For så langt
1. Sam 7,7-12
«For så langt» er ei ny norsk omsetting av den engelske kjende salmen «Come Thou Fount Of Every Blessing», som var skrive av pastor og salmediktar Robert Robinson i 1757. Han var berre 22 år når han skreiv denne salmen og baserte den på bibelhistoria om Guds hjelp til Israel mot filistarane i 1. samuelsbok. Han ser heile livet til ein kristen i lys av denne fortellinga. Salmen er slik ein gigantisk takkesang for at Gud bergar oss, hjelper oss og frelsar oss, trass våre feil og manglar i å oppriktig følgje han. Sjølv om salmen endar med ei forventning om ein evighet med Gud og ser fram til herlegdomen, målbær likevel refrenget ei takksemd bakover i tid. Så langt har Gud vore der, også i våre liv, slik dei har vert. Han er ved sida vår no og vik aldri derifrå. Han kjenner korleis kvar enkelt har det og i alt og eitt er han vår hjelp.