Flyttar med barna til Senegal

Avisartikkel fra Strandbuen fredag 10. januar 2020.
Takk til Strandbuen for at vi fikk tillatelse til å dele den på hjemmesiden vår.

Flyttar med barna til Senegal

Det er mykje som må planleggast og pak­kast når familien på sju i alderen frå eitt til 40 år skal flytta frå Jørpeland til Senegal, kor nesten halvparten av befolkninga lever under fattigdoms­grensa. I dag begyn­ner familien Jøssang si reise til Afrika.

Tekst/foto:ELIN MOEN KARLSEN
elin@strandbuen.no

MISJONÆRAR: Andres og Kari S. Jøssang gler seg til å reisa tilbake til Senegal. Fredag kveld var det sendefest på bedehuset på Jørpeland.

Dei levande lysa i gangen på be­dehuset på Jørpeland blafrar lett når me går forbi. Andres Jøssang (40) får eit handtrykk og like ofte ein klem av dei som kjem inn døra.

Det er sendefest for han, kona Kari Soppeland Jøssang (37), Tomas (7), Daniel (5), Ma­rion (4) og tvillingane Julia og Johannes (1 1/2). Dei reiser til Senegal for å jobba for Normi­sjon.

For tre år sidan besøkte dei venneparet Møyfrid Alsvik Moskvil og Kristian Moskvil, medan dei jobba for Normisjon i det afrikanske landet.

Då var dei i Senegal i eitt halvt år. Det gav meirsmak.

«Det er trygt å vita at den norske læreplanen blir følgd. Det gjer det både tryggare og enklare for oss å gjera dette». Andres Jøssang

– Me er prega av å ha vore der. Me har blitt glade både i folka og plassen, seier Andres Jøs­sang til lokalavisa.

– Då me var i Senegal sist be­søkte me jo dei som hadde dei stillingane me nå skal ha. Då desse stillingane blei lyste ut, kjente me at me også hadde lyst til å prøva det, held han fram.

KAHOOT: Spørsmåla frå Kristian Moskvil under Kahooten opnar latterdørene i den nesten fullsette bedehussalen.

Har lært fransk

Sidan sommaren har ekteparet Jøssang pendla nesten dagleg til Stavanger for å læra seg fransk, som er det offisielle språket i den tidlegare franske kolonien.

– Det er mange forskjellige folkegrupper og språk i Sene­gal, men det er fransk dei lærer på skulen, seier Jøssang.

Sidan sist dei var i landet har tvillingane komme til verda, og Andres Jøssang er opptatt av å peika på at ungane deira vil bli tatt godt vare på.

– Me er tre norske familiar der nede. Det er 13 ungar i sku­le og barnehage og dei har norsk lærar. Det er trygt å vita at den norske læreplanen blir følgd. Det gjer det både trygga­re og enklare for oss å gjera dette, peikar fembarnsfaren på.

Ekteparet Moskvil, som nå har flytta tilbake til Jørpeland, var dei første som begynte å ar­beida for Normisjon i Senegal frå 2014 av.

– Normisjon er i Senegal for misjon og bistand. Me vel jo å gjera denne reisa fordi me trur på noko større og fordi me føler det er urettferdig at nokre ikkje har mulegheit til å velja kva dei vil tru på, fordi dei ikkje kjen­ner til den kristne bodskapen, seier Andres Jøssang.

Dei fleste er muslimar

Over 95 prosent av befolknin­ga i Senegal er sunnimusli­mar, ifølgje Store Norske lek­sikon. Det er ikkje bare ønsket om å fortelja andre om den kristne trua som gjer at familien flyttar til Afrika i to og eitt halvt år.

«Me vel jo å gjera denne reisa fordi me trur på noko større og fordi me føler det er urettferdig at nokre ikkje har mulegheit til å velja kva dei vil tru på». Andreas Jøssang

– I tillegg til misjonsaspektet opplevde me sist å ha ei fantas­tisk kvalitetstid med familien og me blei tettare knyta saman. Me merka spesielt då me kom tilbake til Norge kor utruleg fort alt går her, begynner Jøssang.

– Me fekk tid til å pusta ut og blant anna lesa bøker saman, legg han til.

Bak han kjem ei dame inn dø­rene med ei langpanne med gulrotkake, som ho går til kjøk­kenet med etter å ha gitt Jøs­sang ein klem og ei lukkeøn­sking.

Den store salen i bedehuset fyllest opp. Arne Dalehaug og Lene Barkved leiar sendefes­ten.

– Det er kanskje litt rart å kalla det ein fest, når me sender vekk nokre av dei beste folka me har, seier Dalehaug, som har kjent ekteparet Jøssang i rundt 15 år.

– Men det dei gjer heng nøye saman med visjonen til Strand huskirker, som er å få Jesus sin kjærleik ut til alle, held han fram.

TILBAKE: Andres Jøssang fortel at han, kona Kari og ungane Tomas, Daniel og Marion blei knytta tettare saman som familie då dei var i Senegal sist. Sidan det førre besøket har familien på fem blitt til sju. FOTO: PRIVAT

Moskvil gler seg

Kristian Moskvil leiar etter kvart festdeltakarane gjennom ein Kahoot med Andres og Kari S. Jøssang som tema, for å finna ut kven som kjenner dei best.

Det blir det mykje latter i sa­len av. Møyfrid Alsvik Moskvil, mannen hennar og dei tre bar­na deira flytta tilbake til Jørpe­land frå Senegal for eitt år si­dan.

– Det betyr veldig mykje at ein vennefamilie nå reiser til Senegal. Det følast nesten som om me reiser litt sjølv også. Me budde i lag der nede i eitt halvt år og er gode venner. Det blir kjekt for oss å halda kontakten med samfunnet der nede vida­re, peikar ho på. Sjølv har ho veldig gode min­ne frå opphaldet i det afrikan­ske landet.

«Me såg då me var i lag der nede kor godt dei fungerte både i kulturen, arbeidet og i landsbyen». Møyfrid Alsvik Moskvil

– Me hadde ein mykje mindre travel kvardag, det er som om tida går seinare. Folk er meir i lag og ungane spring inn og ut i nabolaget, fortel Møyfrid A. Moskvil.

GLER SEG: Møyfrid Alsvik Moskvil er veldig glad for at vennene hennar har vald å reisa tilbake til landet ho sjølv har blitt så glad i.

Klare for avreise

Ho har bare lovord å komma med om venneparet.

– Me såg då me var i lag der nede kor godt dei fungerte både i kulturen, arbeidet og i lands­byen. Eg hadde håpa at dei skulle velja å reisa ned igjen, smiler trebarnsmora.

To dagar før avreise er alt pakka og klart.

– Stemninga er god. Dette har jo vore «snakkisen» dei siste seks månadene, så me er gan­ske klare for å endeleg komma oss av garde. Me er jo likevel litt spente før ei så stor forandring i livet for heile familien, seier Andres Jøssang.

– Bagasjen er pakka, og så står att det bitte litt på klargjeringa av huset til utleige, legg 40-åringen til.

Kari Soppeland Jøssang er jordmor og måtte seia opp job­ben sin for å kunna takka ja til å jobba for Normisjon. Andres Jøssang har vore butikksjef i ein lokal møbelbutikk.

– Me gler oss til å få mykje tid saman som familie, til å treffa igjen vennene våre i Senegal og til å bli kjente med dei to andre norske familiane som bur der nå, sluttar Andres Jøssang.