Tur til Nepal
Tekst: Jan Magne Moi
Først i oktober var det ny tur til Nepal. Me var 16 personer som reiste med koffertar og bager fulle av tepper som kvinner har strikka til kvinner og barn som treng det i Okhaldhunga. Vegen opp var noko strabasiøs sidan monsunen nettopp hadde sluppe taket og hadde etterlete seg mange nye ras. Vel framme i Okhaldhunga fann me sjukehuset i endå betre stand enn sist. Det er utruleg kor mykje som er gjort med midlar som er samla inn blant vener av Normisjon og Okhaldhunga.
Kristin og Erik Bøhler nyt stor tillit. Mange gode ord vart delt under kveldssamlinga me hadde med husfellesskapet deira. Me fekk møte Sally og John som skal overta arbeidet til Kristin og Erik. Claire, skotsk fysioterapeut, skal leie eit prosjekt i distriktshelsetenesta. Prosjektet går ut på å kartleggje og leggje til rette for funksjonshemma. Me traff også Lars, ortoped frå Drammen, som er i korttidsteneste. Me ber no at det må ordne seg for Liv Wendel å få visum til arbeid ved sjukehuset og ved den nye sjukepleiarskulen i Okhaldhunga. Denne skulen er siste nye i Okhaldhunga. Skulen er open for lågkastene og det er mange veldig gode studentar på skulen.
Me fekk også vitje sherpakyrkja House of Hope. Det var ei trusstyrkjande oppleving. Ungdomane hadde vore på weekend til ei ny kyrkje i det området som var sentrum for det andre store jordskjelvet i 2015. Glade reiste dei seg ein etter ein og vitna om kva turen hadde betydd for dei. Song, bøn og lovprising. Det var ei fantastisk oppleving.