Tweens midt i mellom

Tekst: Kjersti Bjerga

Tweens i en viktig og sårbar fase av livet.

I år har det starta fleire tweenslag på Haugalandet. Dei nyttar Dig Deeper som er utarbeida av Acta – barn og unge i Normisjon. Her vert dei kjent med Bibelen og Guds ord ved å nettopp grava litt djupare, stilla spørsmål og snakka i lag.

Det er eit spennande og viktig arbeid. På Sand vert tweens frå heile Suldal invitert til nokre fredagar i året. På Norheim og Vea har dei faste samlingar. Det er og fleire yngreslag for denne aldersgruppa på Haugalandet.

 I Suldal har dei i vinter og samla unge frå 6.- 10.kl til faste samlingar i heimar. Det er eit tilbod til dei som ynskjer å bli kjent med Jesus og byggja eit kristent fellesskap. Dei startar kl.19 med mat og sosialt. Så nyttar dei den engelske varianten av Alpha for ungdom med film på storskjerm, samtale undervegs og i grupper. «Dette byggjer relasjonar på tvers av bygdene, og gir ein tryggleik og på andre arenaer», seier Peder Solvang som er leiar.

Kva er positivt med ungdomsalpha? To av ungdommane svarer: «Det samlar folk» (Håvard) og «Det minner meg på å bruke meir tid på Gud. I tillegg får eg treffe andre som er kristne» (Sunniva).

Les også


Søk om momskompensasjon før 11. juni!

Søk om momskompensasjon før 11. juni!

Alle enheter i Normisjon og Acta kan søke om momskompensasjon. Den interne søknadsfristen i Normisjo…

Sommer i Sør med generalforsamling

Sommer i Sør med generalforsamling

10.-15 juli kan du være med på tre festivaler i én – og generalforsamling også!

Mange nye utsendinger i 2018

Mange nye utsendinger i 2018

Mange utsendinger reiser i disse dager ut for Normisjon. Det er mye som skjer og mye godt arbeid ska…

Den bhutanske kongens gull til Einar Kippenes

Den bhutanske kongens gull til Einar Kippenes

Like før jul ble Normisjons Einar Kippenes tildelt den bhutanske fortjenesteorden i