Reisebrev frå Cuba

«Flott gjeng» – Til saman 20 frå Bjørgvin bispedøme reiste i januar til Cuba for å besøkje nokon av kyrkjelydane dei er med og støtter gjennom Normisjon sitt arbeid.

Kva ville møte oss på hi sida av kloden? Vi var alle spente, litt usikre og forventningsfulle over å reise til eit så eksotisk land. 17. januar starta 20 nordmenn på turen til Cuba.

Tekst og foto: Ingunn og Aslak Sognes – Publisert: oktober 24/Ferskvare 3

Vi frå Bjørgvin bispedøme landa i Holguin, aust på Cuba. Bjørgvin har eit vennskaps-samarbeid med kyrkjelydar der via Normisjon.

Etter tre dagar på eit strandhotell i Guardalavaca var vi klare for å stige om bord i bussen som frakta oss på langs av heile Cuba.

Laurdag 20.01 besøkte vi hovudkyrkja Iglesia Evangélica Unida i Santiago de Cuba, og søndagen var vi delte opp i grupper som deltok på gudstenester i ulike områder i nærleiken.

Den lutherske Hovedkyrkja i Santiago de Cuba.

Sterke kvinner i front

Fleirtalet i kyrkjelydane er kvinner, mange av dei har høg utdanning og har i tillegg utdanna seg til pastor.

Når kvinnene går i front, har det innverknad på resten av familien, og mange hadde med seg heile storfamilien til gudsteneste!

Kyrkjelydane driv utstrekt diakonalt arbeid. Kyrkjelyden Aslak og eg besøkte, hadde med støtte frå Normisjon og venner i Norge fått bygt oppatt kyrkjerommet etter ein orkan.

Taket var forsterka slik at kyrkjerommet fungerer som tilfluktsrom for alle som bur i nærleiken neste gong dei treng ly for naturkreftene.

Gud gav visdom

Vi besøkte òg pastor Yadira i Guantánamo. I huset sitt hadde ho kyrkje på taket, barnehage i stova og i tillegg ein liten «finca» utanfor byen, der ho hadde tilsett folk for å drive jorda.

Jorda fekk ho leige «gratis» av staten, mot at ho levere 70 prosent av planlagd produksjon tilbake til fastsett pris.

I heimen sin i Guantánamo har pastor Yadira både kyrkje og barnehage.

Son til Yadira dreiv med ungdomsarbeid.

Når han smilande fortalde om arbeidet, at det no var cirka 100 medlemar med fleirtal av unge mellom 12 og 35 år, ikkje berre gamle på 45 og 50 år, måtte vi dra på smilebandet og tenkje på kyrkjelydane vi kjem frå.

Vi måtte spørje: «Korleis har de fått til dette?»

Svaret var at Gud hadde gitt visdom, og med hjelp av leiartreningsprogrammet Agenda 1, hadde dei gått ut to og to og invitert unge inn til ulike aktivitetar.

I haust hadde kyrkjelyden invitert til ein stor weekend der 85 møtte opp, 35 blei døypte, 9 par gifta seg og dei avslutta med ein stor fest som alle kunne vere med på.

Til Havanna

Etter nokre dagar i aust bar turen vestover. Vi var turistar og opplevde flotte byar etter spanjolane.

Gjennom heile turen hadde vi med ein kunnskapsrik og engelsktalande guide, så vi fekk med mykje historie undervegs, gode replikkar og oppklaringar på dei fleste spørsmål.

Reiseleiar for turen var Kjell Ove Hatlem, Normisjon sin landansvarlege for Cuba.

Vel framme i Havanna besøkte vi ein liten, nyoppstarta kyrkjelyd. Eit ungt par hadde flytta til Havanna med formål å starte opp, heime i stova si.

Det unge paret flytta til Havanna med sin 5 år gamle son for å starte kyrkje heime i stova si.

Alle fekk plass, det var nok stolar! I framtida håpar dei å kunne bygge kyrkje på taket.

Refleksjonar til ettertanke

Denne turen var ei stor oppleving. Den har gitt mange refleksjonar for oss som lever i eit velordna og velfungerande samfunn, med demokratisk styring, sosial utjamning, fordeling av godene og eit fritt ord.

Med same himmel over liva våre, med håp og tru, men med heilt andre levevilkår.

Og eg spør meg: Kva tenkjer vi på når vi seier ordet kyrkje? Er det dei flotte bygningane, eller tenkjer vi på det kyrkjelege livet med gudstenester og samlingar som gjev næring for trua vår? Korleis forvaltar VI det vi har fått, med materielle gode og alt vi treng? Og ikkje minst, i kva grad treng vi fellesskapa våre i kyrkjelydane?

Vil avslutte med noko av det som stod att etter møtet med ungdomsleiaren: Alt av Kristi kjærleik!

Les meir om vårt arbeid på Cuba her.