Lærer å gje videre
Felipe Guaman held kurs for Bibelinstituttet. Ti ansatte på skulefritidsordninga i Tambo i Ecuador får lære om evangelisering.
11. oktober 2019
Tekst og foto Åse Røsvik
Red.: Saka under er henta frå Ferskvare nr. 3/2019. Det er nett no uro i Ecuador grunna den anstrengte økonomiske situasjonen i landet. Regjeringa har innført sparetiltak som mange innbyggjarar meiner vil ramme urettvist, det gjeld spesielt fjerning av subsidier på drivstoff. I fleire delar av landet er vegar sperra og det er mangel på gass, matvarer og drivstoff. Normisjon og vår utsending Åse Røsvik oppmodar alle til å be for situasjonen i Ecuador.
Snart skal dei praktisere på marknadsplassen like rundt hjørnet. Denne kurskvelden les dei om Jesu møte med den samaritanske kvinna. «Jesus starter med å snakke om det kvardagslege,» seier Felipe «Han ber om vatn. Han bygger bru før han evangeliserer. Korleis kan vi bygge bru i samtalen? Det handler om å lytte og vera venlege. Dele trua vår. Men det er Gud som forvandler! Vi er berre reiskap.»
Marcial Granda er deltakar på kurset. Han leita lenge før han vart kristen.
– Eg valfarta til dei døde og søkte mange stader. No kjenner eg den levande Gud. Filipe inviterte meg til å prate med han på kontoret . No er eg snart ferdig med disippelkurset, smiler han. Marcial ønsker å vitne, både for barna på skulefritidsordninga og ellers.
– Neste veke har vi ferieskule, fortel Rosa. Vi har invitert rundt 250 barn, og vi vil evangelisere i familiene deira. Det skal vere hovedpraksisen vår.
Vi ber for: Deltakarane på evangeliseringskurs
Du kan gje ei gåve til arbeidet i Ecuador her.
Saken sto opprinnelig på trykk i Ferskvare 3/2019. Ønsker du å få Ferskvare gratis tilsendt i Posten? Du kan opprette et abonnement her.