Korarbeid og ungdomsarbeid

Ungdomskoret frå Shushilcon er eit av dei
nyaste tilskota i denne lokale menigheten.Publisert: september 2016/Ferskvare 3

Vi er unge jenter som ønskjer å vere Guds vitner. Gjennom koret kan vi lovprise Gud og vitne for andre.

Tekst og foto: Åse Røsvik

I indianerkulturen er musikk og korarbeid ein viktig del av menighetslivet. Alle gudstjenester blir avslutta med «spesial-nummer» der små og store stiller seg i kø for å opptre med ein favorittsong. Festivalane er viktige møtepunkt for dei sangglade. Ja, også leirer og møteserier
har utvikla seg til reine kor-treffa. På den store ungdomskonserten i Tambo sist helg stilte både tilreisande band og lokale kor.

Ei gruppe frå Soul Children i Guayaquil hadde øvd inn 5-6 songar saman med barn frå ferieskolen i Tambo (kirka som fungerer på skolen Mushuk Kawsay) og presenterte i tillegg nokre smakebiter frå den nyproduserte CD-en sin.
Ungdomskoret frå Shushilcon hadde også tatt turen til konserten. Dette koret er eit av dei nyaste tilskota i denne lokale menigheten og fungerer som ungdomsarbeid og møteplass for dei 34 unge jentene som er medlemmer. Dei siste månadane har ein pastor og musiker frå Ambato gitt jentene sangundervisning. Så på korøvingane på kvar onsdag ettermiddag er det oppvarming med Do-re-mi og innøving av nye songar. «Vi har lenge ønska å starte eige ungdomskor,» fortel Belen.

Belen er 18 år og fortel ivrig kvifor dette er viktig. «Vi er unge jenter som ønskjer å være Guds vitner. Gjennom koret kan vi lovprise Gud og vitne for andre. Vi ser på sangen som ei nådegave.» Franklin Dutan organiserer øvingane og sangkurset og er også med på denne reisa sørover til ungdomskonserten. «No er vi også iferd med å starte eit lite kor for menn rundt 20 års alderen», smiler han. «Gjennom korarbeidet evangeliserer vi ungdomen i bygda.»