Gud med oss
Vi går snart inn i adventstida, ei av to fastetider i kyrkjeåret. Faste er ein stor kontrast til det vi ser rundt oss, der butikkar, kjøpesenter, gater og media alt har vore full av julelys og fest i månadsvis.
Vi kjem neppe noko veg med å kjempe hardt imot dette, rive ned julelys som er tidleg oppe eller kjefte på dei som smakar på julebrus og kakemenn for tidleg. Men vi kan alle minnast om å forberede oss til Herrens komme gjennom adventstida.
Evangelietekstane gjennom advent hjelper oss med å rette vårt fokus:
1 – Jesus skapte uro i Jerusalem, denne «Profeten Jesus frå Nasaret», rydda tempelet og kravde at det skulle vera eit bønehus. Men han var ikkje berre streng, han gjorde godt mot dei som svakaste då han lækte blinde og lamme. «Hosianna, Davids son!» ropa borna på tempelplassen, noko som oppfylte profetien: «Frå munnen på småborn og spedborn har du late lovsong lyda!»
2 – Som ei kvinne er uroleg når tida er komen når ho skal føde, seier Jesus at hans folk òg er urolege av smerte og liding. Men som kvinna gløymer smerta når ho får barnet ho har fødd i armane, skal vi òg gleda oss når Jesus møter oss att. Jesus seier: «Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn», «Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen».
3 – Johannes vitna om Jesus, på same måte som profetane tidlegare vitna om Jesus. Men Jesu eiga vitneutsegn er endå sterkare: dei gjerningane Far gav han å fullføra vitnar om at det er Gud Faderen som har sendt han.
4 – Jesus Kristus vart fødd ved Den heilage ande, for å frelsa folket sitt frå syndene deira. Han fekk namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss. Dette ventar vi på med forventning!
Jesus har allereie kome. Gjennom Jesus ser vi kven Gud er. Og ved Den heilage ande har vi, alle som trur på hans namn, Gud med oss.
Peter Halldorf skildrar faste som ei øving i kjærleik og merksemd. Når vi set av tid til dette, vil kjærleiken fornyast og spira fram frå djupet av våre hjarte – kjærleik til Gud, kjærleik til kvarandre, og kjærleik til dei som endå ikkje kjenner Jesus.
Vi kan alle bruke adventstida til å takke Jesus for alt han har gjort og for alt vi har fått. Vi skal ha forventning om at Jesus framleis rører ved menneske sine liv, og at han vil oppfylla alle sine lovnader til oss.
Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son, og dei skal gje han namnet Immanuel – det tyder: Gud med oss. (Matt 1,23)
Bjørnar Sæle
Pastor Norkirken Nordhordland