Heile forsamlinga reiste seg då spørsmålet kom
I ei krevande tid med pandemi og tøffe levekår fortel bønnekvinnene i Bangladesh at mange nye kjem til tru.
Samtidig som koronaviruset styrer både møtevirksomhet og inntekter i landet, kjem det gladnytt frå Monjuleka Soren, leder for kvinnenes bønnearbeid på vestfeltet i Bangladesh. Ho skriv:
I Parja kyrkjelyd har dei etter at koronaen traff hatt meir bønn enn nokon gong. Dagleg samlast dei frå klokka 05 til 06 om morgenen, i tillegg til ein time på kvelden. Til å begynne med var det 3–4 på bønnemøtene, men det auka på av både unge og eldre. Nå er det ca. 150-170 på møtene, som holdes ute da kyrkja er lita.
Og bønnesvara kjem! Eit ektepar, som blei skilt for fleire år sidan, kom tilbake til Herren, og til kvarandre, etter mykje forbønn frå barna og kyrkjelyden. Tidlegare i august blei Woman Prayer Work (WPW) spurt om å komme til ein landsby og be for ei som var sjuk. 80 menneske var samla, og etter lovsang og forkynning kom 50 av disse fram til forbønn, over halvparten av desse blei lækt.
Tårene rann
Den 21. august blei det organisert eit nytt møte. Mange, både truande og ikkje-truande var samla. Etter talen bad Monjuleka alle som ville ta imot Jesus, om å reise seg. Først reiste den eine sida av forsamlinga seg, før alle som var der stod oppreist. Tårene rann og synder blei vedkjent.
Nå ber Monjuleka om forbønn og visdom, både for seg sjølv, for dei 12 bønnekvinnene, og for alle som står med i vekkelsen. Ho fortel om ein sterk åndskamp.
Du som les dette. Vil du ta deg tid daglig til å be for kvinnenes bønnearbeid (WPW), bønnekvinnene, kyrkja og at vekkelsen går fram?
Annlaug Jonskås, tidligere misjonær i Bangladesh