Skule og menighet, hand i hand

Dei siste åra har Nordfjord folkehøgskule og MøtepunktB, Normisjon sitt fellesskap på Sandane, hatt eit samarbeid som på alle måtar har vore vinn-vinn for begge partar.
Tekst: Hildegunn Tennebø – Foto: Privat – Publisert: 08.04.2025/Ferskvare 1, 2025
MøtepunktB har vokse til å bli eit stort fellesskap, med særleg mange barnefamiliar som faste deltakarar. Det betyr også eit stort behov for ressursar til å kunne drive barnekyrkje for ulike aldersgrupper.
På Nordfjord folkehøgskule har vi dei siste åra hatt omlag 130 elevar, og mange av desse kjem hit på grunn av skulen sin kristne profil.
Ikkje minst bidreg KRIK-linja med mange elevar som har eit bevisst forhold til tru. Mange av desse har også erfaring som leiarar på leir eller i ulike typar menighetsarbeid.
Givande samarbeid
Det vart difor naturleg å prøve å finne ut om det var mogleg å kople nokre av desse ungdomane opp mot MøtepunktB sine behov.
Elevane på KRIK-linja skal ha veileda praksis i løpet av skuleåret sitt. Gjennom samarbeid med den lokale kyrkjelyden, har konfirmantleir og -turar vore ein arena for slik praksis gjennom fleire år.
Vi har no utvida praksistilbodet til også å gjelde tweensgruppa på MøtepunktB, dvs. 9–12-åringar. Elevane får ansvar for å organisere samlingane under gudstenestene.
Det vil seie både leik, andakt, og å vere sosial med barna. Leiar for barnekyrkja følger opp elevane, og set opp turnus og tema.

Gjer ein betydeleg forskjell
Denne ordninga har vist seg å gje veldig gode effektar. Barna set openbart pris på å få voksen ungdom inn i gruppa. Dei er gode forbilde og har ofte hakket meir energi enn dei av oss som har runda 40.
Ungdomane på si side opplever det meiningsfullt å få bety noko for barna, og i tillegg vert dei kopla tettare på det lokale menighetsfelleskapet. Det er ein forskjell å gå på butikken og kjenne folket i bygda!
Det vert også konkrete utfordringar som går på å få ei gruppe til å fungere, førebu andakt, dele tru og vere tydeleg som leiar. Alt i alt, svært mykje som er nyttig uavhengig av kva ein elles kjem til å drive med vidare.
Meiningsfulle tenester
Som fellesskap har MøtepunktB fått hjelp til å ha nok folk i teneste for å ivareta dei ulike gruppene sine behov.
Den positive haldninga ungdomane kjem med i møte med både barn og vaksne, er gull verdt. Det gir også eit håp at menighetserfaringa ungdomane får med seg herifrå, skal gjere det lettare å fortsette å som aktive medlemer, både i studietida og seinare i livet.
Framfor alt er det veldig meiningsfullt å få vere i teneste i lag på tvers av alder og erfaring. Det kostar heller ikkje ei krone for nokon av dei involverte.