Ryfylkes eldste bedehus blir freda

Styreleiar Tor Øyvind Skeiseid foran Bethel Bedehus. Den grøne døra er originaldøra, som dei sende til restaurering vinteren 2023. Arkeologisk museum fann ut at det var den originale døra. 

Bedehuset Bethel, det fyrste bedehuset på Finnøy i Rogaland, blir no freda. – Fredag 9. mai inviterer vi difor til storstilt og jordnær feiring, seier Tor Øyvind Skeiseid, styreleiar for bedehuset. Han legg til: – Og, hugs freda! Ikkje avskilta.

Tekst: Arne Sæteren – Foto: Privat – Publisert 19.03.2025

Det var under ei vekking med presten og avismannen Lars Oftedal at tanken om eit bedehus vart fødd, og i 1878 stod huset ferdig. Det vart bygd i stein, og er det eldste bedehuset i Ryfylke som framleis er i bruk. Huset var tenkt som eit regionbedehus for Ryfylke, og bedehuset Saron på Bryne hadde ein liknande funksjon på Jæren. 

Lars Oftedal tok initiativet til reisinga av fleire bedehus i Rogaland, mellom anna Bethlehem bedehus på Hinna på Jæren. Det stod ferdig i 1876, og vart flytta og bygd oppatt på Folkemuseet på Bygdøy i 1992.

 Nasjonal interesse

Det var Rogaland fylkeskommune som foreslo overfor Riksantikvaren at huset skulle fredast. Dei meiner Bedehuset Bethel på Judaberg er eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på norske bedehus frå 1800-talet og at huset difor har nasjonal interesse, og på si nettside skriv fylkeskommunen:

«Bethel er enno i bruk som bedehus og har frå oppføringa vore ein viktig samlingsplass for kristenfolket på Finnøy og i Ryfylke. Lekmannskristendomen, bedehusrørsla og vekkingstida har sett viktige avtrykk i den nasjonale historia og Bethel står som eit symbol på dette.»

På galleriet i bedehuset har Ryfylkemuseet ei utstilling om bedehuskulturen i Ryfylke. Dette er  i samarbeid med styret for Bethel. Utstillinga er eit resultat av det bedehusprosjektet som Ryfylkemuseet hadde frå 2009 til 2011.

Fullsett sal under ein adventskafé i desember 2024.

Eigd av folket på Finnøy

Tor Øyvind Skeiseid fortel at bedehuset heile tida har vore, og er framleis eigd av folket på Finnøy.

– Huset har eit litt anna bruk i dag enn tidlegare. Det er ikkje slik at det er organisasjonar som har faste møte og andre arrangement der. Det var meir før i tida. Så ein kan ikkje seia at det er oppslutnad slik og slik, fortel han og held fram: 

– No er det ekstremt mykje i bruk. For Hesby kyrkje, mellomalderkyrkja på Finnøy, er stengd i 13 månader grunna restaurering. Så no er gudstenester og alle kyrkjelege tilstellingar på Bethel. Så det året bedehuset vert freda, fungerer det også som kyrkje. Det er litt stilig, meiner Skeiseid.

Vandring i bedehusland

Elles held både Vi over 60 og konfirmantundervisning til i bedehuset, og det er ein del basarar, konsertar og anna arrangement der.

Tor Øyvind Skeiseid driv bedrifta Ryfylke Livsgnist og har i 20 år hatt det som heiter Vandring i bedehusland. Høgdepunktet der er bedehusrevyen på Bethel Bedehus.

– Vel 17 000 besøkjande har vore med på dette, fortel han.