Dette året byrja vi med ein god festkveld. Fest fordi vi hadde mange elevar og fordi det nye undervisningsbygget stod klart til det nye semesteret.
Vi drøymer om at vi skal få til eit radiostudio med antenne og alt som trengst for å kunne sende radioprogrammer frå bibelskulen. Der vi står på dette bildet drøymer vi om eit radiostudio. Her håpar vi å gje elevane opplæring i radioarbeid slik at dei både kan gjere eit arbeid på bibelskulen, men og i den lokale radioen der dei kjem frå. På denne måten kan vi nå langt ut til mennesker i området med gode programmer om livet i all dets mangfald og med evangeliet.
Dette året var det 8 menn og 7 kvinner som gjekk på bibelskulen. Alle-kvinner, menn og barn var med på samlingane om morgonen og om kvelden. Tatou Cissé, tidlegare elev og ein av kvinneleiarane i kyrkja hadde lese og skrivopplæring for kvinnene. Dei fekk og noko bibelundervisning.
![]() |
|
Her er kvinnene som gjekk våren 2012. Tatou Cisse,læraren er nummer to frå venstre i bakre rekke.
|
Nokre globale disiplar frå GUS og ein volontør var på bibelskulen ein dag i veka i ein periode og leika med barna. Dette var godt for barna og til glede for dei globale disiplane og volontøren.
Vi var fleire som underviste mennene som vanleg. Eit høgdepunkt var då Gerson Celeti frå Gå Ut Senteret kom og hadde eit seminar om seksualitet og seksuelt misbruk. Han hadde god og tydeleg undervisning om dette. Den veka var det deltakerar frå alle dei fire distrikta til kyrkja.
Kyrkja treng å få heve sin kompetanse på dette området. Så dette er noko vi skal jobbe meir med.
Kvar måndag var det evangelisering mellom anna i fengselet. Mansadji, ein landsby ca 17 km frå Bafoulabé fekk også jevnlege besøk frå oss. Fleire gode opplevingar fekk vi del i der. Mellom anna var det flott å sjå to av elevane som forkynte og vitna på ein framifrå måte som gjorde stort inntrykk på dei som deltok på møtet. Det gir også håp for framtida til kyrkja. Ei anna oppleving var då vi kom til Mansadji ein gong og fekk ta del i forbøn for ein brønn! Før dette hadde vi gitt litt hjelp til å kjøpe dynamitt og fenghetter. Desse hadde dei ikkje fått til å virke. Tolkninga deira var at det var vonde ånder som stod bak dette og som ville øydeleggje for landsbyen. Etter møtet den dagen gjekk vi alle ned og ba for brønnen og la den og dynamitten i Guds hender. Vi reiste heim etterpå og var spente på korleis dette ville gå. Nokre dagar seinare fekk eg telefon og då var det ein glad mann som kunne fortelje at no hadde dei fått dynamitten til å virke og dei store steinane var blitt håndterbare. Kva som skjedde veit vi ikkje, om det var vonde ånder eller mangel på teknisk innsikt, som hadde hindra eksplosjon. Vi gler oss uansett over resultatet. No nærmar dei seg vatn, men vær med og be om at det må bli ein god brønn. Landsbyen har nesten ikkje vatn no. Her er bilde av nokre av barna og ungdomane i Mansadji.

Karim Fofana, pastor i Bafoulabé og vaktmester på bibelskulen har stått på med ETD undervisning kvar onsdag. ETD er eit bibelstudieopplegg kor dei skal jobbe med ulike temaer, det nye testamentet bøn mm og svare på spørsmål kvar dag. Ein dag i veka er det tid for revisjon , tid til samtale og hjelp til den som ikkje har forstått. Før avslutninga fekk Karim også avvikla eksamen for dei som hadde fullført ei bok.
Vi fekk ei spesiell avslutning i og med statskuppet som skjedde den 22 mars. Dei to siste vekene skulle eg hatt ansvar for undervisninga, men på grunn av statskuppet vart eg sitjande fast i Bamako. Eg var i Bamako for å fylgje familien til flyplassen. Dei skulle opprinneleg reist heim fem veker før meg. Men slik vart det ikkje. Før me drog frå Bamako og Mali fekk me, det vil seie Alf Halvorsen og underteikna via telefon tak i gode erstatterar som tok ansvaret for undervisninga i mitt fråvære. Mobiltelefonen er ein god ting. Takka vere den fekk vi planlagt mykje over telefonen. Karim Fofana, og Adama Bah, kyrkjepresident og medlem av bibelskulekomiteen tok også turen frå Bafoulabé til Tambaga og fekk eit møte med Alf H. der dei fekk førebudd spørsmåla til eksamenen saman. På denne måten vart også eksamenen vel gjennomført. Karim F. og Adama B tok ansvar saman med andre i Bafoulabé og fekk avvikla ein god avslutningsfest for elevane. Alle elevane kom seg vel heim etter endt semester.
Del på Twitter
Normisjon: Tlf: (+47)23 30 10 00 | normisjon@normisjon.no | Bank: 1503.02.13537 | Org.nr 860 474 522 | Postadresse: Postboks 7153, St. Olavs plass, 0130 OSLO
Besøksadresse: Linstows gate 3, 0166 Oslo (se kart) | Har du tips til nettsidene? Kontakt oss på tips@normisjon.no | Redaktør: leif.gunnar.vik@normisjon.no